Takk for i år! Vi er tilbake igjen helgen den 4. – 6. april 2025.

Bli bedre kjent med Joar

Kokken Joar startet i 2020 Jakt- og viltmatkanalen, og her står alt fra skalldyrtapas til hjortestek på menyen. På tur med ungene er det mest populært med vafler, toast og marshmallows på bålet.

Joar Søhoel er en av de fem kandidatene som etter publikumsavstemmingen går videre til finalen i Årets Villmarking. For å bli bedre kjent med kandidatene, har vi stilt Joar og de fire andre noen få spørsmål om deres turliv.

Hva har du alltid med deg i sekken?
Pakker eg ein sekk til tur der fiskestanga, rifla eller hagla er igjen heime så pakker eg som oftest til kortere turer med familien.
Me er heldige her eg bur med kort avstand til fine turområder i bygda. Felles for alle turane er å pakke med lunsj som skal lagast på bål.
Sjølv om eg er kokk så må det vera så enkelt som mulig når ein har med barn på tur.
Men bålvaffeljernet er ofte med. Vaffelrøre har eg med på ein 1,5 liters flaske.
toast, pølse og marshmallow blir og godt mottatt.
Så om eg skal plukke ut ein ting som alltid er med så er da tennstålet.

Hvor går din favoritt-tur?
Min favoritt tur er turane med heile familien ute på Hafslovatnet i båt. Ofte går me i land på storeholmen å fyrer bål, og griller aure. Det er desse turane eg koser meg aller mest på ute. For meg er ikkje friluftslivet eit jag etter fjelltopper, men heller det å finne roen og hauste av naturens overskot med jakt, fiske, sank eller fangst.
Sjølv har eg aldri dratt ein pulk, eller klatra opp på ein 2000 meter topp. Men mesteparten av tida er eg alikavel ute i skog og mark.

Hvor går sommerferien i år?
Om sommeren blir da mykje fisking. Barna mine elsker å fiska. Me bur 20 meter frå eit meget bra aurevatn, og ikkje så langt unna har me ein akkurat passe stor båt til sjøfiske.
Min eigen sommardraum er å utforske nye fjellvatn på jakt etter storauren.
Filefjell og Lærdalsfjella er mine favoritter, flott natur og gode fiskevatn.

Har du noe tips eller råd til de som ønsker å komme seg ut på tur, men som synes dørstokkmila blir fryktelig lang?
Ein treng ikkje å gå langt for å få gode naturopplevingar.
Prøv å ta deg ei enkel overnatting på våren i nærområdet.
Det å våkne grytidlig til alle småfugla som syng rundt deg vil gi deg ein flott naturoppleving.
Det er og fleire fjellområder på Vestlandet som har bilvegar opp til fine turområder. Då slepp du å slite opp alle høgdemeterane sjølv. Det er ofte kort veg til utsiktplasser, moltemyrer, fiskevatn og rypejakt uten at du treng å anstrenga deg for mykje. Friluftsliv handler ikkje om å ta flest mulig fjelltopper. Det handler om trivsel ute for deg og kva du sjølv har lyst til.

Vi bruker cookies!

Vi bruker cookies, også kalt informasjonskapsler, som hjelper oss med å gi deg en god opplevelse når du er på vårt nettsted. Dette gir oss statistikk om bruken av nettstedet og kan ikke spores tilbake til deg som enkeltperson. Du godkjenner bruken av cookies ved videre bruk av vårt nettsted.